Fleire og fleire innsjøar, elver og kystområde må lide for alt vi kjøper, skriv Forskning.no.
Bøndene brukar gjødsel for å auke matproduksjonen. Denne gjødsla ender ofte opp i innsjøar og i havet.
Forskarane ser no at problemet med gjødsel frå gardsdrift ikkje har blitt så mykje verre dei siste åra – men at utsleppa frå produksjon av ting og klede er verre enn nokon gong.
Denne typen utslepp er blitt eit enormt problem i heile verda.
Fisk døyr og giftige blågrønnalger veks opp. Det påverkar både matforsyninga vår, dyrelivet og badeplassar.
Du kan hjelpe
Fleire av verdas land prøver no å løyse problemet. Politikarane samarbeider med bøndene for at det skal bli mindre gjødsel i hav og vatn. Men, dei må også sørge for at forbruket av klede og møblar går ned.
Her kan vi som kjøper ting påverke. Vi kan kjøpe mindre ting, bruke klede og møblar til dei er utslitne, og levere til gjenvinning.