– Tale er tøff, tydeleg og snakkar frå hjartet. Som helsesyster og fagperson er ho svært utradisjonell i sin omgangsform og val av kanalar. Vi synest det ho gjer, er viktig og grensesprengjande, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse til NPK-NTB.
Gir råd
Som helsesyster i Oslo opplevde Engvik at ho ikkje nådde ut til alle som trong oppfølging, og starta dermed snapchat-kontoen «Helsesista».
På snap gir ho råd og svarar på spørsmål til sine mange titusen følgarar.