Leander Berhus (11) og Lukas Østebø (11) fortel at dei får spele 30 minutt samanhengande når dei spelar. Men det blir ikkje til at dei spelar kvar dag no i ferien.
God søvn
Dei passar også på å få god søvn, og har forstått at dei blå lyset i skjermene forstyrrar den gode søvnen.
– Når det ikkje er ferie slår vi at alle skjermar cirka 30-60 minutt før leggetid.
Då søv dei betre. Men no i sommarferien er det ikkje så nøye, då kan det av og til bli skjerm før leggetid.
«Dritkult» å møte Randulle
Herman Waage (9) og Cornelius Garlie (9) spelar cirka 1 time kvar gong dei spelar.
– Vi legg også vekk iPad og telefon i god tid før vi skal legge oss, fortel dei.
På spørsmål om det var kjekt å møte Randulle, svara alle fire gutane at det var «fett» og «dritkult»!