1. Sei hei til nye folk: Sei hei til alle du møter. Kanskje fører det til ein samtale?
2. Augekontakt og smil: Om du smiler mykje og får augekontakt med folk, vil dei like å vera saman med deg.
3. Ver sjølvsikker: Når du er open og pratar med alle, vil folk prate tilbake. Dersom du er trygg inni deg sjølv, er det lettare for andre å vere med deg.
- Lat som om du ikkje er sjenert: Dersom du latar som at du ikkje er sjenert, vil du klare å lure hjernen din, slik at du blir mindre sjenert!
5. Ver modig og start ein samtale: For å finne ut kven som er interesserte i det same som deg, må du snakke med andre.
6. Ver positiv: Sprei mykje glede rundt deg! Gje kompliment til dei rundt deg, le og fortel vitsar.
7. Ver deg sjølv: Gode vener er dei som likar deg slik du er, og for å finne dei venene, må du vere deg sjølv.
(Kjelde: Ung.no)