Nord-Koreas leiar Kim Jong-un tek ingen sjansar når han skal møte USA sin president Donald Trump. På flyet som kom til Singapore i går hadde han med seg sitt eige toalett.
Toalettet er mobilt, det betyr at det kan flyttast rundt.
- LES OGSÅ: Trump og Jong-un møtast, endeleg.
– I staden for å bruke eit offentleg toalett har den nordkoreanske leiaren med seg eit personleg toalett når han reiser, seier Lee Yun-keol, eit tidlegare medlem av livvakttenesta til Kim-familien, til Washington Post.
Lee fortel videre at det er frykta for at nokon skal bruke bæsjen å undersøke helsa hans, som gjer at dei gjer det på denne måten.