Trump lagar problem

President Donald Trump vil innføre toll på import av stål og aluminium frå EU, Canada og Mexico. Dette skapar problem.

Toll er pengar ein må betale på varer som går utanfor landegrensa. Når toll på stål og aluminium kjem, vil det bli for dyrt å importere, og mange kan misse jobbane.

Mange seier at dette kan føre til ein handelskrig. Ein handelskrig er når land øydelegg kvarandre sin handel. Strenge tollreglar fører til at det blir vanskeleg å selje varer til kvarandre.

EU på si side seier at dei vil ta igjen, og då har det oppstått handelskrig.