Gunhild er lege, leiar i EAT Foundation. og svært engasjert i klimaspørsmål, helse og dyrevelferd, Denne dagen skal ho svare på barn sine spørsmål om kva som skal til for å redde verda. Ho vil gjerne vite kva du lurer på!
Send ditt spørsmål til janne@framtida.no
Tenkjer på miljøet
Bendit Cup har vore ei populær fotballturnering i mange år. I 2016 fekk cupen det nye namnet EAT MOVE SLEEP Cup.
Det er mange som arrangerer cup rundt om i heile landet, og nett denne helga skjer det på Kuventræ idrettsanlegg i Os. Turneringa er for jenter og gutar mellom 6 og 12 år.
– Eat Move Sleep-Cup i Os ønskjer å arrangere Noregs mest bærekraftige fotballcup. Det blir servert sunn mat og drikke, vi nyttar eit minimum av plast i serveringa, samstundes som det vil bli fokus på avfallssortering og matsvinn. I tillegg blir alle påskjøna for å kome til cupen utan bil, skriv Os Fotball på heimesida si.