– Det er lett å tenkje at ein kan symje 25 meter i bassenget – så då klarar ein dei tre meterane frå brygga og inn til badestigen i sjøen. Men utandørs er det mykje kaldare vatn og tre meter blir fort mykje lengre enn ein trur, seier Trude Aastad i Norges Livredningsselskap.
Det er ikkje utan grunn at dei fleste drukningar skjer kun få meter frå mogleg redning.
– Når ein er ute for å bade vert ein fort ivrig – og ein kan gløyme å tenkje at ein skal ta omsyn til reglane. Difor må ein kunne dei utanåt. Då verkar dei best, fortel Trude.
Ikkje hopp i havet før du kan dette:
- Bruk redningsvest i båt, på brygga, og nær vatn.
- Lær å symje.
- Før du går ut i vatnet må du vera sikker på at du klarer å kome deg opp att.
- Bad helst saman med andre.
- Stup berre der det er djupt.
- Svøm langs land.
- Svøm ikkje under ei brygge eller føre stupebrett.
- Skubb ikkje andre ut i vatnet, og dukk aldri nokon andre under vatn.
- Hald deg på land viss du kjenner deg kald eller uvel.
- Rop på hjelp berre viss du er i fare – aldri elles!
- Bad aldri når du er svolten eller når du nett har ete mat.
Kjelde: Norges Livredningsselskap