Då korona sette basketlandslaget på pause byrja Max og Torkel som TikTok-badevaktar

Tiktok-videoane til Max og Torkel om badevett tok heilt av i fjor. No er det kreative tospannet i gang med nye oppdrag for Redningsselskapet.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om teikneseriefigurar som er i deminstrasjonstog og at bruken av sovemedisin har dobla seg blant ungdom.

– Halla, Max og Torkel med Redningsselskapet tilbake igjen! Om du skal ut med båten i solskinnet er det 5 ting du bør hugse på!

Slik byrjar Max Dahl Svendsen (19) og Torkel Westby (20) ein av sine populære TikTok- videoar. I fjor starta dei i jobben som går ut på å ta over TikTok-kontoen til Redningsselskapet (RS) og lage videoar om badevett og vassglede. I år er dei tilbake igjen.

Max Svendsen (t.v.) og Torkel Westby spreier vassglede og badevett på Tiktok. Foto: Privat bilde

Filma seg gjennom nålauget utan erfaring

Å redde liv på sjøen og å forebyggje drukningsulykker er kjernen i det Redningsselskapet driv med. Kvart år får om lag 30 000 barn og unge opplæring i bade- og sjøvett av organisasjonen, som allereie i 1893 hadde sine første redningsskøyter ute på havet.

Men å spreie informasjon til barn og unge ved hjelp av ei gamal vise og ein streng peikefinger fungerer ikkje så godt i 2021. For å nå ut til barn og unge, måtte Redningsselskapet finne folk som snakka språket og som sjølv høyrte til den unge målgruppa. Der kom Max og Torkel inn.

Max Svendsen fortel at han og Torkel har vore venar sidan barndommen. Foto: Privat bilde

– Eg og Torkel har kjent kvarandre sidan barneskulen då vi begge spelte basketball, seier Max Svendsen på telefonen til Framtida.no.

Han fortel at dei i 2020 hadde nådd langt med idretten, men då korona kom blei landslagsaktiviteten avlyst.

– Så då måtte vi ha noko anna å drive med. Då fann vi jobbannonsen til Redningsselskapet, og tenkte at det hadde vore litt artig å prøve, seier Svendsen.

Westby og Svendsen hadde nesten inga erfaring med TikTok då dei laga videosøknaden. Av om lag 300 søkarar frå heile landet blei dei to plukka ut.

Prosjektleiar: – Dei veit kva som treffer

Ludwig Gjendemsjø (23) som er prosjektleiar for TikTok-prosjektet og digital marknadsførar for Redningsselskapet er ikkje i tvil om kvifor Max og Torkel fekk jobben og kvifor videoane deira har vekt så mykje interesse hos barn og unge.

– Dei veit kva som treffer og fansen likar dei godt. Eg trur også ungdom er interessert i å sjå meir om vassglede og lære om grunnleggjande trygging på sjøen.

– App-app-app-app! Har du sjekka redningsvesten, eller? seier Torkel Westby medan han held Svendsen igjen i ein av TikTok-videoane.

Med glimt i auget viser dei to karane korleis ein redningsvest skal sitje, og minner om noko av det viktigaste: Du må ikkje gløyme tissestroppen.

@redningsselskapetTagg noen du vil kjøre båt med i sommer! Besøk sjekkvesten.no for mer info 💦🧜🏾 ##vannglede ##sjekkvesten2021♬ good 4 u – Olivia Rodrigo

Fekk takk frå gymnaslæraren

For Max Svendsen er det å spreie informasjon om korleis ein kan vere trygg i vatnet og samstundes vise korleis ein kan ha det artig ein viktig motivasjon for det kreative arbeidet. Han seier at dei hentar inspirasjon frå ulike plassar.

– Først idemyldrar vi litt. Vi brukar også mykje tid på å sjå andre sine TikTok-videoar. Det handlar om å få til ein artig vri på det vi lagar!

Både prosjektleiar Gjendemsjø og Max Svendsen fortel at responsen frå følgjarane har vore overveldande.

– Det er mange som fortel at dei er glade for den jobben vi gjer, seier Svendsen og nemner ein lærar som kom bort til han i frikvarteret og takka han for videoane.

Gjendemsjø frå Redningsselskapet opplysar om at ein av videoane hadde blitt vist 6 millionar gongar rett etter ein kampanje.

– Eg hadde aldri forventa den responsen, og at humoren ville slå an så godt på landsbasis, seier Svendsen.

@redningsselskapetKjenner du igjen scenen?💦 Tagg noen som må se dette🤩🏖 ##vannglede ##fyp ##4u♬ original sound – Faith