Barneombodet si oppgåve er å jobbe for rettane til barna. Barn sine meiningar skal bli høyrt, og rettane dei har skal bli fulgt opp. Barneombodet passar på at dei som bestemmer i Noreg følgjer barnekonvensjonen, som er ein avtale mellom nesten alle land i verda. Der står det korleis alle barn skal ha det. Som rett til skule, leksehjelp, leik og fritid.
Inga Bejer Engh har tidlegare jobba som tingrettsdommar og statsadvokat.
– Eg har møtt veldig mange barn som har hatt det vanskeleg i mitt arbeid som jurist. Min erfaring er at korleis du har det som barn har stor betydning for korleis du klarar å takle vaksenlivet seinare, seier Engh i ei pressekonferanse