Framtidajunior Nyhende Barneombodet: Unge får ikkje god nok psykisk helsehjelp
Barneombod Inga Bejer Engh. Foto: Barneombodet

Barneombodet: Unge får ikkje god nok psykisk helsehjelp

I ein ny rapport skriv Barneombodet at psykisk helsevern for barn og unge har lang ventetid, ikkje er tilpassa barna, og ikkje alltid gir den rette hjelpa.

– Barn og unge må få eit psykisk helsetilbod som er tilpassa dei, ikkje ein kopi av det vi tilbyr vaksne.

Det sa barneombod Inga Bejer Engh ved lanseringa av rapporten «Jeg skulle hatt BUP i koffert». Rapporten har sett på hjelpa barn får i barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP).

For å bøte på problema tilrår Barneombodet mellom anna at regjeringa set ned eit utval som gjennomgår organiseringa av psykiske helsetenester for barn og unge, at ein prøver å samordne og skaffe oversikt over praksis i heile landet, og at ein prøver å gjere tilbodet meir fleksibelt og tilpassa kvart enkelt barn.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR