Foreldre vil, ifølgje undersøkinga, gi 13.000 kronar i snitt. Men òg besteforeldre er svært generøse og gjev 7.500 kroner i snitt. For gjestene ligg gåvesummen på 900 kroner frå kvar, ifølgje undersøkinga.
For seks år sidan var det berre halvparten så mykje konfirmantane kunne forventa seg.
Av årets konfirmantar har mange allereie konfirmert seg. Neste pulje er til hausten.
Kjenner på eit press
Mange føler nok på eit press rundt gåvebeløp til konfirmanten, anten ein er forelder, besteforelder eller gjest, seier forbrukarøkonomi Silje Sandmæl i ei pressemelding.
Spare pengane
Silje meiner konfirmantane og foreldra bør snakka om langsiktige sparemål, som bustad, studiar eller feriar.
– På den måten unngår konfirmanten å bruka opp alle pengane på kortsiktig moro, seier Sandmæl.