Store vassmengder lagar flaum

Det er særlig langs Glomma, Trysilelva og i Gudbrandsdalslågen at vassføringa er stor.

Flaumtoppen er venta i helga melder NVE til NRK.no

NVE står for Norges vassdrags- og energidirektorat. Dei har mellom anna ansvaret for å sørge for at Noreg klarer å handtere flaum, om det skulle skjer.

Grunnen til den stpre vassføringa er at det har kome mykje varmt ver som har gjort at snøen har smelta raskt. I tillegg har det vore store mengder med nedbør / regn som gjer at elvane får meir vatn enn dei klarar å føre med seg i vassdraget.

I Otta er eit kjøpesenter truga av vatnet.

– Vi demmer opp med sandvoller for å holde vatnet vekke frå inngangspartiet på kjøpesentret, men heile parkeringsplassen ligg under vatn, seier Thomas Høglien til NRK.no.