Det er mange som er ute for å plukke søppel langs strendene om dagen, men det er ikkje alt du kan ta i. Om du finn ein gjennomsiktig sylinder (sjå bilete øvst i saka) som er cirka seks centimeter lang, fylt med små kuler, skal du la den ligge.
Det er Hurum Brannvesen som advarar om dette på Facebook.
– Alle ampullar av denne typen er giftige, nokon meir enn andre. Difor er det viktig at du ikkje tek i dei. Viss du finn ein, må du sei det til ein vaksen som kan varsle politiet eller brannvesenet, seier brannsjefen i Hurum, Nils Georg Nordskag, til Framtida Junior.
Er livsfarleg
Ampullane er frå 2. verdskrig då tyskerane hadde desse med seg. Etter krigen blei utstyret dumpa i havet.
No, meir enn 70 år seinare, kan ein finne ampullane på strender rundt i landet.
Viss du ser ein slik ampull må du ta kontakt med ein vaksen med ein gong. Ikkje rør den.