Abba slo gjennom då dei vann Eurovision Song Contest i 1974 med låten Waterloo. Dei har ein rekkje hits som Mamma Mia, Dancing Queen, Gimme! Gimme! Gimme! og The Winner Takes It All.
Gruppa vart oppløyst i 1982, og har tidlegare uttalt at dei aldri kjem til å lage musikk saman igjen.
Det har endra seg, for no har dei vore i studio og spelt inn to låtar, som skal presenterast for publikum i desember. Så då er det berre å glede seg til alle som er ABBA-fan.