ABBA-reunion er utsatt

Dei fire medlemmane i ABBA har vore i studio og spelt inn to nye songar. Ein av desse skulle bli framført i desember, men no er det utsatt.

ABBA skulle ikkje opptre sjølv, men som hologram. Eller avatarar, også kalla ABBA-tar.

Låtane heiter “I Still Have Faith In You” og “Don’t Shut Me Down

Bjørn Ulvaeus har uttalt at det ikkje blir noko TV-framføring i desember, men at det blir flytta til nyåret ein gong.

Bjørn Ulvaeus har også uttalt at han er svært nøgd med låtane.

Eine låten er inspirert av pop-musikk frå 70-talet. Den andre er meir klassisk og tidlaus.