Rybak er storfavoritt

Det er stor spaning om kven som vinn Eurovision Song Contest (ESC) i år. Etter fyrste sceneprøve er Rybak blant dei som har fått favorittstempel.

Konkurransen er i Lisboa i Portugal, og Alexander Rybak er Noregs representant. Han skal framføre songen sin, That`s How You Write A Song, i den andre delfinalen, og målet er å kome seg til finalen, laurdag 12. mai.

Alexander Rybak og Israel er, i skrivande stund, dei som gjer det best på bettinglistene. Det vil seie at dei er blant favorittane til å vinne konkurransen.

Trur du Alexander Rybak kjem til å vinne?

Trur du Alexander Rybak kjem til å vinne?

JA!35
NEI10
Veit ikkje12
Svar totalt: 57