Alle dei nordiske landa er vidare untatt eitt

Noreg, Sverige, Danmark og Finland er vidare i Eurovision. Men Island kom seg ikkje til finalen i Eurovision Song Contest (ESC).

Alexander Rybak klarte torsdag, på sjølvaste Kristi himmelfartsdag, å synge seg vidare til finalen i ESC, laurdag 12. mai.

Songen, That’s How You Write a Song, har dei siste dagane vore blant dei beste låtane på lista over kva song som kjem til å vinne. Etter Rybak var ferdig med å framføre songen ramla han litt lenger ned på lista.

Kypros ligg øvst på betting-lista, som flest folk trur kjem til å vinne. Kven som vinn stikk av med sigeren på laurdag gjenstår å sjå.

Dei tre skandinaviske landa er vidare: Noreg, Sverige og Danmark. Men av dei nordiske landa manglar vi Island. Nabolandet Finland er med.

Trur du Alexander Rybak kjem til å vinne?

Trur du Alexander Rybak kjem til å vinne?

JA!34
NEI10
Veit ikkje12
Svar totalt: 56