Afghanske kvinner blir nekta å gå til tannlegen

Ein ny uoffisiell lov i Afghanistan gjer det svært vanskeleg for kvinner å gå til legen og tannlegen.

Taliban
  • Taliban er ei religiøs gruppe som styrer Afghanistan.
  • Gruppa følgjerei streng form for islam og har laga lovar og reglar ut frå si eiga toolking av religionen.
  • Taliban har hatt makta i Afghanistan sidan 2021. Før det styrte dei landet frå 1996-2001.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det skriv The Guardian.

Representantar frå Taliban har truga med å fengsle mannlege tannlegar om dei behandlar kvinner. For å få behandling av mannlege legar, må kvinner ha med ei mannleg verje.

Ei verje er ein person som bestemmer og tek val for ein annan person.

Fordi det i desember 2024 blei forbode for kvinner å bli legar, er det no svært vanskeleg for kvinner å få behandling.

Dette er den nyaste utviklinga i Taliban-regimet si undertrykking av kvinner.