I 1992 vart nemleg FNs klimakonvensjon inngått. Dette er ein internasjonal avtale med mål om å hindre farlege menneskeskapte klimaendringar.
Kvart år sidan 1995 (bortsett frå i 2020 då det var koronapandemi) har landa som er med på klimakonvensjonen, hatt møte kringom i verda.

Desse møta blir kalla klimatoppmøte og får namn etter kva nummer i rekka av møte dei er. I år er det det 31. klimatoppmøtet, og difor har det fått namnet COP31. COP står for Conference of the Parties – på norsk betyr det «Møte mellom partane».
Under klimatoppmøta skjer noko som heiter klimaforhandlingar. Dette er at landa diskuterer og samarbeider om ein plan for korleis dei skal følgje opp klimakonvensjonen – korleis dei skal ta vare på verdas klima og miljø.

Norske barn skal delta
Årets klimatoppmøte går føre seg i byen Antalya i Tyrkia. Samstundes er det Australia som har ansvar for å leie forhandlingane.
Frå Noreg deltek mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og klimaminister Sigrun Aasland (Ap).
I tillegg skal medlemmane i Barnas klimapanel vere med på klimatoppmøtet frå 14. til 20. november. Dei skal presentere den ferske rapporten sin Vår fremtid og fortelje verdas politikarar kva barn og unge meiner om klimaproblema.
– Eg gler meg skikkeleg. Det blir spennande å møte mange kule folk som kan mykje og som eg kan lære mykje av, sa Barnas klimapanel-medlem Petra (13) då Framtida Junior møtte ho tidlegare i haust.

Viktige saker
Ifølgje FN er dette nokre av sakene som kjem til å vere viktige under årets klimatoppmøte:
- Å halde oppvarminga så nær 1,5 grader som mogleg: Eit mål landa som er ein del av klimakonvensjonen sette seg i Paris i 2015 (under COP21) var å avgrense temperaturstigninga på jorda til godt under 2 grader, og helst til 1,5. No viser det seg at temperaturen vil stige med minst 1,5 grader. Derfor blir det viktig å diskutere korleis landa skal jobbe for å hindre at temperaturen stig meir enn dette.
- Å levere pengar til land som treng støtte til klimaarbeid: Nokre land i verda har ikkje nok pengar til å gjere tiltak for å hjelpe klima. Årleg treng desse landa 300 milliardar dollar i støtte for å kunne bidra til dei felles klimamåla i klimakonvensjonen. Med det blir det viktig å snakke om kor mykje ulike land kan bidra med inn i potten.
- Å framskunde overgangen til rein energi: Produksjon av energi står for omtrent 70 prosent av klimagassutsleppa i verda. Dermed vil det vere viktig å snakke om korleis ein kan få ein endå større del av energiproduksjonen i verda til å skje ved hjelp av fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft og solkraft.























