CO₂
- CO₂ er den kjemiske formelen for karbondioksid.
- CO₂ er ein gass som finst i lufta, og som dyr og menneske pustar ut av lungene.
- CO₂ er samstundes ein klimagass – ein gass som påverkar klimaet på jorda. Karbondioksid bidreg til å fange varme frå Sola og varme opp jorda. Dermed bidreg gassen også til global oppvarming og klimaendringar.
- Bruk av bensin og diesel er ei av dei største kjeldene til CO₂-utslepp.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Det skriv NRK.
Årleg oppsummerer Global Carbon Project kva som skjer med CO₂-utsleppa i verda. I år viste tala deira at utsleppa er på veg ned for første gong på seks år.
I fjor auka klimagassutsleppa med 1,1 prosent frå året før. I år ligg verda an til å sleppe ut 0,4 prosent mindre av klimagassen CO₂, samanlikna med 2025.
Mindre CO₂ grunna krigen i Iran
Grunnen til at klimagassutsleppa er på veg ned, er først og fremst krigen i Iran. Diesel- og bensinbruk bidreg til CO₂-utslepp, men krigen i Iran har nemleg gjort det vanskelegare og dyrare å få tak i diesel og bensin.
Dermed har mange land begynt å bruke mindre diesel og bensin. Nokre land har til og med begynt med meir fornybar energi på grunn av krigen.
Må jobbe vidare for å halde på utviklinga
Forskar Glen Peters er oppteken av at det må vere ein nedgang over tid før ein kan seie at utviklinga har snudd når det gjeld utslepp av CO₂.
– Endringane er førebels ikkje tilstrekkelege til å sikre varig nedgang i dei globale utsleppa, seier forskaren til NRK.






















