Barneombodet vil visa muslimske barn både med og utan hijab

Muslimske jenter er teikna med hijab i ei ny lærebok. Barneombodet meiner boka også bør visa muslimske jenter utan hijab.

Ei ny bok frå Islamsk Råd Norge skal læra seksåringar om islam, ærlegdom og respekt. Fleire av jentene på teikningane brukar hijab. Ein hijab er eit hovudplagg som dekkjer håret og halsen, men ikkje ansiktet. Nokre muslimske jenter og kvinner brukar hijab som ein del av trua si.

Barneombod Mina Gerhardsen, som jobbar for rettane til barn, meiner boka bør visa større variasjon i korleis muslimske jenter ser ut.

– Når det gjeld Islamsk Råd Norge si nye lærebok, så ville det vera ein fordel å visa eit større mangfald i illustrasjonane, seier ho til NRK.

Dette er ein hijab. Foto: Omar Elsharawy / Unsplash

Redd for at barn skal kjenna press

Mangfald betyr at det er plass til forskjellar. Muslimske familiar kan til dømes ha ulike måtar å følgja religionen sin på. Mina er uroa for at teikningane kan få små jenter til å kjenna at dei må dekkja håret.

– Her er det mange måtar å praktisera dette på, noko som bør speglast i læringsmateriell, seier ho.

Vil at jenter med hijab skal vera synlege

Islamsk Råd Norge forklarar til NRK at hijab er viktig for mange muslimske kvinner og jenter. Dei meiner difor at jenter med hijab bør vera synlege i bøker.

Samstundes er dei einige i at lærebøker bør visa mangfaldet blant muslimske barn. Dei understrekar òg at seksåringar ikkje har noka religiøs plikt til å bruka hijab.