Du et antimaterie kvar dag
– Bananar inneheld eit stoff som heiter Potassium-40. Dette stoffet sender ut radioaktiv stråling. Dermed sender bananar ut ein anti-partikkel ca. kvart 75. minutt, seier Heidi.
Alt du ser rundt deg, er bygd opp av noko som blir kalla partiklar. Partiklar er på ein måte små legoklossar. Viss du set saman dei rette klossane, kan du bygge hus, tre, jordkloden og eit heilt univers. Alt dette blir kalla materie.
Men det finst også noko som heiter antimaterie. Det er svært sjeldan, men forskarar trur det ein gong var meir.
– Då universet blei til, tenker vi at det var like mykje materie som antimaterie. Men det meste kolliderte med kvarandre og blei borte. Berre ein liten rest blei til det som er universet i dag.
Det seier professor i fysikk, Heidi Sandaker, i ein e-post til Framtida junior. Ho forskar på antimaterie.
Antimaterien som finst i naturen, er nesten umogleg å oppbevare. Når antimaterie kjem i kontakt med vanleg materie, blir han nemleg borte, og berre litt lys er igjen. Men i Sveits har forskarane klart å lage dei dyre anti-byggeklossane.

Forskarar lagar antimaterie på CERN
Eitt gram antimaterie vil koste heile 385 billiardar, ifølge professor i astronomi, Chris Impey. Det betyr at antimaterie er det dyraste som finst.
– Å lage antimaterie er dyrt fordi det finst nesten ikkje i naturen, du treng veldig dyrt utstyr, dyre eksperiment og mange forskarar. I tillegg er det er utruleg vanskeleg å lage store mengder med antimaterie, fordi du får berre nokre få anti-partiklar, anti-byggeklossar, om gongen, forklarer Heidi.
På forskingssenteret CERN i Sveits er det ein antimaterie-fabrikk. Der får forskarane dei små byggeklossane til å gå nesten like fort som hastigheita til lyset. Deretter får dei byggeklossane til å kollidere. Når byggeklossane kolliderer, blir det laga nokre få anti-byggeklossar. Desse blir så bremsa ned til veldig låge hastigheiter for å bli forska på vidare.
– Antimaterie-fabrikken lagar kanskje 400 millionar anti-byggeklossar per time, men vi klarer berre å fange ti prosent av desse. Sjølv om vi kunne fanga all antimaterien vi klarer å produsere, er vi ikkje i nærleiken av å lage eitt gram eingong, fortel Heidi.
Heidi prøver å finne ut om antimaterie fell nedover – eller oppover.
Ho samanliknar det med å skyte ei kanonkule og ei anti-kanonkule gjennom ein kanon. Deretter ser ho kva som skjer når anti-kanonkula har flydd gjennom lufta ei stund.
– Til no har vi funne ut at anti-kanonkula fell nedover, men vi må forske meir for å sjå om det er akkurat likt som den vanlege kanonkula.

Forsking på antimaterie kan gi svar på om det finst eit anti-univers
Forskarane veit at når partiklar og anti-partiklar oppstår plutseleg frå ingenting, blir det alltid laga like mange partiklar som anti-partiklar. Det meiner forskarane at også må ha skjedd då universet oppstod, seier Heidi.
– Men når vi ser rundt oss i universet i dag, så finst det nesten ingen anti-partiklar. Kor har desse blitt av? Dette er eit stor mysterium!
Om ti år håper ho at vi veit kva som skjedde med den forsvunne antimaterien, og at vi finn ut korleis universet blei laga. Kanskje oppdagar vi også ut at det finst eit anti-univers.
– Det er ei moglegheit for det, sjølv om ho er ganske liten. Vi kan tenke oss at det blei laga eit univers og eit anti-univers få universet oppstod. Universet gjekk framover i tid, og anti-universet gjekk bakover i tid. Dermed kolliderte dei ikkje med kvarandre slik at dei forsvann. Det er ei morosam forklaring, men vi må forske mykje for å finne ut kva som eigentleg skjedde, meiner Heidi.



















