Ballongferd med heliumballongar og campingstol

Tydeleg inspirert av den populære animasjonsfilmen "Se opp" flaug nyleg ein britisk eventyrar 24 kilometer i ein campingstol under ei mengd heliumballongar.

Stuntet skjedde i Sør-Arika sist helg. Mannen som tydeleg var inspirert av filmen “Se opp”, heiter Tom Morgan, og han kom opp i ei høgd på rundt 2.530 meter. Han skildrar turen som både fredfylt og skremmande, melder nyhendebyrået AP.

SWNS TV har laga film om ballongferda til i Sør Afrika på YouTube. Den kan du kan sjå her.

Den norske fysikaren Andreas Wahl har også testa om han kunne fly med heliumballongar. NRK har laga eit program om det her, i serien “Med livet som innsats“. Her kan du lære meir om kva oppdrift er, altså kva som skal til for å få nokon opp i lufta på dette viset.

Dette er sjølvsagt ikkje noko ein skal prøve heime.