Unge talent fekk prøva dei kule maskinane som optikaren brukar

Arnhild Myklebust på Brilleriet på Stord fekk besøk av elevar frå VilVite-senteret sin satelitt Sunnhordland. Elevane fekk læra om auga, prøva fleire kule optikarmaskinar, grøne briller og stilla mange gode spørsmål.

  • Talentsenter i realfag satelitt Sunnhordland er ei avdeling under VilVite-senteret i Bergen, der barn kan utforska og eksperimentera med naturfag og teknologi.
  • For skuleåret 26/27 finn du talentsenter i realfag tilknytt vitensenter i Tromsø, Alta, Trondheim, Bergen, Oslo, Sandnes og Ås.
  • Ein ny satelitt er under planleggjing i Sogn og Fjordane under vitensenteret Vitemeir i Kaupanger.
  • Det varierer kva trinn dei ulike sentra har tilbod for. Satelitt Sunnhordland har to grupper. Éi for 5.-7. trinn og éi for ungdomsskuletrinnet.
  • Alle som har lyst kan søka om å få bli med. Du treng ikkje vera superflink på skulen. Det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å læra.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Visste de at den gule flekken i auga eigentleg er raud?

Spørjande blikk blir veksla mellom elevane som sit samla i eine hjørna av butikken.

Arnhild Myklebust har nett ønskt velkommen rundt tjue nysgjerrige elevar frå 5.-7. trinn frå ulike skular i regionen.

Arnhild forklarar at bildet som OCT-maskinen har teke syner netthinne og synsnerve. F.v.: Aksel, Jonatan, Stefano og Otilie.

Kjedar seg på skulen

Felles for dei fem elevane Framtida Junior intervjuar, er at dei alle kjedar seg på skulen. Dei kjem frå skular på Tysnes, Bømlo og Stord. 

– Eg får ikkje nok utfordringar. Me får berre ein smakebit på faga, seier Miriam Minh Anh Nes (12).

– Eg synest det er for enkelt på skulen, seier Stefano Ersland (12).

Åsmund Natås er talentrettleiar på satelitt Sunnhordland.

Skreiv søknad om å få bli med

– Alle som vil kan søka, seier talentrettleiar Åsmund Natås. Han er leiar av satelitt Sunnhordland og skal leggja til rette for at elevar med stort læringspotensiale får utfordringar tilpassa deira måte å læra på.

– Det er fantastisk at bedrifter som Brilleriet stiller opp. Neste stopp etter dette er besøk på teknologi- og industri-bedrifta Wärtsilä.

Aksel Greenshields (12) frå Leirvik skule blei tipsa av søskenbarnet sitt om å bli med på Satelitt Sunnhordland.

– Mor mi hjalp meg med å skriva søknad. Det tok berre om lag ein time. Eg søkte på det fordi det høyrdest gøy ut.

Medelevane studerer Aksel sitt ansikt. På bordet ligg døme på kva for brille som passar best til dei ulike ansiktsformane. Eit rundt fjes kler t.d best firkanta briller. F.v.: Miriam Minh Anh Nes (12), Otilie Eilertsen Aaserud (11), Jonatan Løve Gjersvik (12), Aksel Greenshields (12) og Stefano Ersland (12).

Synstest

Stefano Ersland (12) frå Svortland skule på Bømlo kikkar inn i maskinen. I mens kan Jonatan Løve Gjersvik (12) frå Tysnes skule studera auga hans. Maskinen reknar ut om Stefano treng briller. Det er litt som AI, seier Arnhild Myklebust, som hjelper til frå sida.

Det kjekkaste denne dagen var å kikka inn i synstestmaskina, syntest Stefano. Der inni var eit lite lysande bilde.
Aksel ser nærare på eit auga. Arnhild forklarar.

Bilde inni auga

Den andre maskinen elevane får prøva, tek bilde av auga på ein annan måte. Då kan dei sjå nærare på netthinna og synsnerva.

Er du klar? Otilie er optikar, og Miriam er kunde som har komme for å sjekka auga sitt.

Styrken i glasa

For å hjelpa auga, har menneske funne opp brillene. Om du er nærsynt, treng du glas i brillene dine som er konkave, det vil seia at glaset er bua innover mot auga. Om du er langsynt, treng du glas som er konvekse, det vil seia at glaset buar utover, frå auget. Tjukkelsen på glasa avgjer kor mykje hjelp auga får av brillene.

Aksel blei tipsa av søskenbarnet sitt om å bli med på Satelitt Sunnhordland. Mor mi hjalp meg med å skriva søknad. Det tok berre om lag ein time. Eg søkte på det for det høyrdest gøy ut.

Elevane fekk i oppgåve å tippa kor stor styrke det var på brilleglasa. Det var ikkje så lett. Spesielt fordi det var lagt inn nokre lureglas også som ikkje hadde styrke.

Otilie og Miriam har lyst til å jobba med noko innan naturfag når dei blir store. Dei går begge på skule på Stord.

Elvane fekk også prøva å slipa kantane på glasa. Det må gjerast for at dei skal passa inn i dei ulike stativa, altså brilleinnfatningane

4. Skjekka fargesyn og dybdesyn:

Talentrettleiar og naturfaglærar Åsmund Natås viser elevane korleis fargetesten fungerer.

Kanskje har du høyrt om det å vera fargeblind? Det heiter eigentleg fargesvak. Nesten ingen menneske er heilt fargeblinde, men ein del kan ha problem med å skilja enkelte fargar frå kvarandre.

Kan du ana at det er eit tal her? Viss ikkje kan det henda du er fargesvak. Ill.: Shinobu Ishihara
Jonatan, Miriam og Otilie testar dybdesynet sitt med 3D-briller.
Jonatan likar godt astronomi og vitskap, men han har planar om å bli musikar. Eg føler ikkje eg får nok av utfordringar på skulen i dag. Seinare i livet møter ein mykje utfordringar, så det er bra å få mykje av det no.
Ein del av gjengen frå Satelitt Sunnhordland som vitja Brilleriet. F. venstre: Odin Koppang Kyle, Arnhild Myklebust (eigar av Brilleriet), Alesia Gutau, Mathea Falk, Miriam Minh Anh Nes, Otilie Eilertsen Aaserud, Magnus Kristoffer Ulvund, Aksel Greenshields, Stefano Erstad, Jonatan Løve Gjersvik og Ingeborg Gravdal Åsmul.