Roblox er ei spelplattform der ein kan spele mange ulike spel saman med andre – både venner og ukjende.
Om lag 80 prosent av norske barn mellom 9 og 12 år bruker Roblox. Det gjer plattforma større enn både YouTube, Snapchat og TikTok blant dei yngste på nett, skriv NRK.
No har Medietilsynet kome med ein rapport som peikar på fleire problem.
Til dømes kan ein kjøpe digitale pengar som heiter Robux, for ekte pengar. Robux kan ein bruke på klede og utstyr til spelkarakterar, eller ein kan kjøpe fordelar i spel.
Dette kan gjere at barn får lyst til å bruke mykje pengar på Roblox.
- Les også: Vil forby forundringspakkar i dataspel
Barn kan også møte framande personar i spela. Nokre spel har dessutan videoar, kommentarar og andre funksjonar som liknar på sosiale medium.
Medietilsynet meiner derfor at Roblox kan utsette barn for kjøpepress og vere utrygt på fleire måtar. Dei oppmodar derfor plattforma til å gjere endringar så ho blir tryggare for barn.
Tidlegare denne veka blei det kjend at regjeringa vil gi Roblox ei aldersgrense på 16 år.
- Les meir: Regjeringa: Roblox skal få 16-årsgrense






















