Ingvild H. Rishøi: – Det er ikkje barna si skuld

I biletboka Trettende desember ventar Ronja på at faren skal koma og høyra henne syngja. Forfattar Ingvild H. Rishøi har noko viktig ho vil seia til barn som kjenner seg igjen i Ronja.

– Nesten alle ideane eg får, er ei stemme som snakkar inne i hovudet mitt. Det er som då eg leikte rolleleik som barn: Mange ulike stemmer snakkar der inne. Eg skriv ned det dei seier, men det meste blir aldri til ei bok. Stemma til Ronja dukka opp ein gong eg gjekk tur i skogen.

Ronja er ti år og bur saman med faren sin og storesystera. På luciadagen skal ho syngja på skuleavslutninga.

Bokomslag: Gyldendal

– Familien er både fin og vanskeleg å bu i, slik det er i dei fleste familiar. Problemet i akkurat denne familien er at faren drikk for mykje alkohol, så i periodar er han ein dårleg pappa. Ronja håpar at faren skal koma for å høyra henne syngja, men trur ikkje det kjem til å skje. Ho veit at han var full kvelden før og er sliten. Likevel held ho fram med å håpa.

Realistisk og magisk

Då Rishøi skulle fortelja historia for barn, var valet av illustratør viktig.

– Det viktigaste for meg var å finna den perfekte illustratøren. Og det gjorde eg! Lisa Aisato har gjort det både realistisk og magisk, med mange løyndommar i bileta. Ho er så god til å teikna ansikt, kroppsspråk og stemningar. Alt det var heilt avgjerande i denne boka.

Rishøi har ikkje ein fast plan for korleis ho skriv om vonde og vanskelege ting.

– Eg har ingen plan for det når eg skriv. Men eg trur at viss eg skriv så godt og oppriktig eg kan, både for vaksne og barn, vil bøkene mine på ein måte visa korleis eg ser på livet. Eg synest livet er fullt av alt mogleg: håp, vanskar, glede og sorg. Slik er det for både vaksne og barn.

Eit nytt blikk på historia

Lisa sine teikningar gav Rishøi eit nytt blikk på historia.

– Når eg «er» Ronja og skriv historia hennar, ser eg historia frå hennar hovud, gjennom auga hennar. Lisa teiknar Ronja utanfrå. Me ser ansiktet hennar i tillegg til det ho ser. Derfor er alt Lisa teiknar, nytt for meg. Det er ei stor ære å få sjå historia mi på nytt på den måten.

Illustrasjon: Lisa Aisato

Å laga boka saman vart ei glede for dei begge.

– Eg kom med idear, ho kom med idear, og sjølv om det er triste ting i boka, blei me ikkje leie oss. Me har det gøy fordi me lagar noko saman. Me har blitt vener òg, og det er ikkje så ofte eg får nye vener lenger, så det er stas.

Ei helsing til barn

Ingvild har òg ei tydeleg helsing til barn som lever med vaksne som drikk eller rusar seg for mykje.

– Eg vil gjerne seia til dei at det ikkje har noko med barna å gjera. Mange barn trur det er deira skuld, og at dei kan ordna opp, men slik er det ikkje. Rusmiddel er for sterke til at barna kan ordna opp i det sjølve.

Ho vil òg at barna skal vita at foreldra framleis kan vera glade i dei, sjølv om rusen gjer det vanskeleg å stilla opp. Og dei er ikkje åleine.

– To til tre barn i kvar klasse har foreldre som rusar seg for mykje. Ein veit det ofte ikkje, fordi barn skammar seg og ikkje snakkar om det. Men det er sant: Mange har det slik. Viss ein vil snakka med nokon om det, kan ein til dømes gå inn på snakkompsyken.no. Der kan ein få hjelp utan å seia kven ein er.