Forskarane tok brodden og giftsekken ut av nokre bier. Så festa dei brodden i ein klump med gelé som skulle likna på menneskehud. Eit spesielt kamera fanga det som skjedde, skriv ung.forskning.no.
Giftsekken trekte seg saman og utvida seg. På den måten pressa han gift gjennom brodden og inn i geléen – sjølv om brodden ikkje lenger sat fast på bia.
Blir sitjande fast
Honningbier kan døy når dei stikk. Små taggar på brodden gjer at han ofte blir sitjande fast i huda. Når bia flyg vidare, kan delar av bakkroppen og giftsekken bli rivne av. Veps og humler har glatte broddar som ikkje festar seg like lett.
Forskarane veit ikkje enno korleis brodden og giftsekken klarer å senda ut gift utan bia.
Studien vart fyrst publisert i det vitskaplege tidsskriftet PNAS.





















