Bia B. er verdas største bie-influensar med over 140.000 følgjarar

Bie-influencar B. vil bruka influencar-statusen til å påvirka folk til å redda biene.

«Eg er den første bie-influencaren!» står det i bioen til B. sin Instagram-profil @bee_nfluencer. Sidan første innlegg i april har bia fått over 142.000 følgjarar på Instagram.

På kontoen er det bilete av bia på reise, ved luksusbasseng, i motklede, på deilige strender og andre typiske «influencar-situasjonar». Men målet er ikkje berre luksus og følgjarar. Alle pengane bia greier å samla inn går nemleg til eit biefond.

Bia B. lever influencar-livet. Foto: @bee_nfluencer.
– Redde for at honningbia skal døy ut

Det er miljøverngruppa Fondation de France som står bak kontoen. Målet er å skapa merksemd rundt bier sin funksjon i verda, kvifor me må ta vare på biene våre og samla inn pengar til vern av bier.

Ifølgje Illustrert vitenskap har verdas bestand av honningbier minka sidan 1950. Frå 1980 har bestanden sokke så mykje at forskarar er redde for at honningbia kan dø ut.

Ifølge utrekningar bestøvar honningbier 70 av dei omlag 100 planteartane som brødfør om lag 90 prosent av jordas befolkning.

 

– Å beskytta bia er også å beskytta mennesket

Biefondet vil bruka pengane på å få bønder til å bruka teknikkar og middel som ikkje skadar pollinering, bygga opp att biehabitat og opplysa folk om korleis plantevernmidlar påverkar pollynering.