
Jenny Knutsen (11)
Viss du kunne velja heilt fritt, kva ville den perfekte skulematen vore?
– Ein veldig liten porsjon kinamat. Eg likar sterke nudlar. Jordbær til dessert.
Kva har du med deg til skulemat i dag?
– Yoghurt, gulrot og ei toastskjeva. Eg likar berre osten når den er smelta.
Kven pleier å laga skulematen din?
– Pappa.
Kva er ditt beste tips til ein god matpakke?
– Berre ta med mat som du likar.

Olav Borgemyr (11)
Viss du kunne velja heilt fritt, kva ville den perfekte skulematen vore?
– Risengrynsgraut med sukker og smør. Av og til tar eg kanel, og då tek eg kjempemykje, sånn at delar av grauten blir heilt brun!
Kva har du med deg til skulemat i dag?
– Skjeva med smør og kvitost og eple.
Kven pleier å laga skulematen din?
– Pappa.
Kva er ditt beste tips til ein god matpakke?
– Ta med bær, yoghurt og gryn.
Emil Oppedal Grønås (11)

Viss du kunne velja heilt fritt, kva ville den perfekte skulematen vore?
– Sjokolademjølk og favorittmaten min på kinarestaurant: sprøsteikt kylling og grønsaker i karrisaus med ris.
Kva har du med deg til skulemat i dag?
– I dag måtte det skje raskt. Eg har småsøsken som er tvillingar, og dei heldt meg vaken i natt, så eg forsov meg litt. Det blei skjeva med smør og kvitost.
Kven pleier å laga skulematen din?
– Eg lagar den sjølv.
Kva er ditt beste tips til ein god matpakke?
– Pastasalat.


Sara Lilliane Meland Gilje (11)
Viss du kunne velja heilt fritt, kva ville den perfekte skulematen vore?
– S’mores i staden for skjeva, og sjokomelk til drikke. Godt og blanda som frukt, minus lakrisen.
Kva har du med deg til skulemat i dag?
– Fire steikte kjøttpølser med skjeva som pølsebrød. Chiafrøpudding med jordbær.
Kven pleier å laga skulematen din?
– Eg lagar den sjølv.
Kva er ditt beste tips til ein god matpakke?
– Snik med deg noko søtt. Ein gong hadde eg med meg kake.






















