Kanskje elskar vennen din rosenkål, men du hatar det: Dette er kvifor

Genane, luktesansen og erfaringane dine er med på å bestemme kva mat og smakar du likar. Og visste du at du faktisk kan lære deg like mat du ikkje likte før? Her fortel sensorikar Josefine om korleis alt heng saman.

Har du nokon gong sett på tallerkenen og tenkt: «Æsj, det der skal eg i alle fall ikkje ete?».

Samstundes sit nokon ved sidan av deg og synest akkurat den same maten er kjempegod.

Kvifor er det slik?

– Det er mange ulike grunnar til at vi likar forskjellig mat, forklarer Josefine Skaret, som forskar på smak ved Nofima.

Søtsug er medfødd

Har du lurt på kvifor mange barn er så glade i is, sjokolade og søt frukt?

Foto: Pexels

Det er faktisk ikkje så rart. Vi menneske er nemleg fødde med ein naturleg preferanse for søt smak.

– Dette er fordi morsmjølka er søt. Søt smak har hjelpt oss med å få i oss nok næring, slik at vi kan vekse og bli store, forklarer Josefine.

Men det er ikkje alle smakar vi er like begeistra for frå starten av.

Mange barn er skeptiske til bitre smakar. Det kan ha samanheng med at menneske som art har lært seg til at bitter smak kan vere eit teikn på at noko var giftig eller skadeleg.

Brokkoli og rosenkål kan smake bittert. Derfor synest mange barn at desse grønsakene er vanskelege å like.

Genane dine bestemmer mykje

Nokre barn kan rett vere glade i rosenkål og brokkoli.

Grunnen til dette kan vere genane. Genar er oppskrifter i kroppen vi har arva frå foreldra våre. Genane bestemmer akkurat korleis kvar einskild person skal bli.

Foto: Pexels

Mellom anna bestemmer genane kor sensitive vi er for smak. Altså kan genane gjere at ein person opplever smaken av rosenkål som kraftig og ubehageleg, medan ein annan person opplever smaken som god.

Eit anna døme er urta koriander. Nokre synest ho smakar friskt og godt, medan andre synest ho smakar såpe.

– Smaken din er litt som eit fingeravtrykk. Alle menneske har sine heilt unike smakspreferansar, seier Josefine.

Nasen din hjelper deg å smake

Det er ikkje berre tunga di som gjer at du kjenner smaken av maten du et. Nasa og luktesansen din har nemleg mykje å seie for korleis maten smakar.

Med tunga, og dei mange tusen smakslaukane vi har der, kjenner vi fem grunnsmakar: søtt, surt, salt, bittert og umami. Umami er ein fyldig smak ein kan kjenne når ein mellom anna et kjøt, ost og sopp.

Foto: Pexels

Men luktesansen gjer at vi kan kjenne og skilje veldig mykje fleire smakar og ulik mat frå kvarandre.

– 20 prosent av det vi smakar kjem frå smakslaukane, medan 80 prosent av smakane kjem frå lukt. Men kor godt vi luktar er også forskjellig frå person til person, og er bestemt av genane våre, fortel Josefine.

Du har sikkert vore forkjølt og tett i nasen. Då kan det hende at maten smakte rart eller lite. Det er fordi du ikkje kjente lukta og aromaen av maten like godt.

Æsj, klumpar!

Barn likar ofte mat med jamn, glatt konsistens. Foto: Pexels

Det er ikkje berre smaken som avgjer kor godt du likar maten. Også korleis maten kjennest ut i munnen har mykje å seie.

Nokre barn elskar yoghurt, men synest det er ekkelt når han har klumpar. Andre likar gulrot når ho er rå og sprø, men ikkje når ho er kokt og mjuk.

Dette handlar om konsistens.

– At barn ikkje er glade i slimete eller klumpete mat, kan handle om at menneskearten har lært seg at ein kan kvelast av denne typen mat, seier Josefine.

Kultur og minner

Også kva mat vi har smakt mange gongar og kva smakar vi er vande med frå heime, har noko å seie for kva vi likar. Dersom du er vand med ei bestemt matvare, er det større sjanse for at du liker henne.

– I ulike kulturar er ein vand med ulike matvarer. Derfor påverkar kultur og tradisjon kva smakar vi liker, forklarer Josefine.

Foto: Pexels

Dessutan kan minne påverke kva du synest om maten. Nybakte bollar kan til dømes minne deg om ei koseleg stund hos bestemor, og smaken kan dermed opplevast som ekstra god.

På den andre sida kan du fort forbinde ein smak med vonde minne dersom du har ete ein spesiell type mat for så å ha blitt sjuk og kasta opp. Det kan gjere at det er vanskeleg å like maten i lang tid etterpå.

Kan du lære deg å like rosenkål?

Genar, kva du er vand med, tidlegare opplevingar, luktesans og konsistens er noko av det som bestemmer kva mat og smakar du likar og ikkje likar.

Foto: Pexels

Samstundes kan smakane du føretrekkjer, endre seg. Jo fleire gonger du smakar på ei matvare, desto større sjanse er det for at du lærer deg å like ho.

– Nokre treng berre å smake fire, fem gongar, medan andre kanskje må prøve 50 gongar, seier Josefine og tipsar:

– Du treng rett nok ikkje ete ein heil porsjon med ein gong du skal prøve noko nytt eller lære deg å like noko. Første gong kan du berre sjå på maten, neste gong kan du lukte på han. Kanskje får du lyst til å prøve ein liten bit etter kvart.