Slik lagar du skumle og søte spøkelse til Halloween

Søte, saftige og passe skumle. Dypp jordbær i kvit sjokolade og tryll dei om til små spøkjelse!

Ingrediensar:

  • 200 g kvit sjokolade
  • 1 korg jordbær
  • 1 ms lakrissaus eller redusert balsamicoeddik

Slik gjer du:

1. Brekk sjokolade i mindre bitar og ha det i ein bolle. Set bollen over ein liten kjele med vatn på svak varme (vassbad). La stå til sjokoladen har smelta. Obs! For høg varme gjer at sjokoladen kan klumpa seg.

2. Røyr eit par gonger undervegs for å sjekka om sjokoladen har byrja å smelta. Ta bollen bort frå kjelen og dypp forsiktig jordbæra nedi.

3. Set bæra på eit bakepapirkledd brett, gjerne eit steikjebrett. Hald jordbæret litt over bretta før du settet det ned slik at sjokoladen lagar ei lita kappe og liknar eit spøkjelse. Er sjokoladen for varm vil han renna av, er han for kald kan du setja bollen litt over kjelen igjen.

4. La sjokoladen stivna heilt før du teiknar på små auge med lakrissaus eller redusert balsamicoeddik.

Korleis lagar du redusert balsamicoeddik?

Hell balsamicoeddik i ei lita kasserolle og la han småkoka utan lokk på låg varme. Rør av og til, til han har kokt inn og blitt sirupsaktig – gjerne 10–20 minutt, alt etter kor mykje du lagar. Han tjuknar meir når han blir kald, så ta kassrollen av varmen medan han framleis er litt tynnare enn du vil ha han. Pass på mot slutten: det går fort frå passe redusert til for tjukt.

Kjelde: MatPrat