Treng du nokon å snakke med?
- HER kan du bestille samtaletime og finne telefonnummer til dei ulike ROS-avdelingane i Noreg. Du finn også den anonyme chatteteneste deira på same side.
- Om du treng å snakke med nokon raskt eller utanfor ROS sine opningstider kan du ringe Mental helse sin døgnopne hjelpetelefon på 116 123.
Mange kan av og til vere misnøgde med kroppen sin. Kanskje samanliknar ein seg med andre. Kanskje skulle ein ønske at ein såg annleis ut.
Men det er heilt normalt at menneske ser forskjellige ut. Vi har ulik genetikk og arvar ulike eigenskapar og trekk frå foreldra våre. I tillegg lever vi ulike liv. Derfor skal ikkje kroppar sjå like ut.
Ein sunn kropp kan sjå ut på mange måtar
Det er ikkje mogleg å sjå på ein person og vite kor sunn kroppen deira er. Helse handlar nemleg om mykje meir enn kor mykje ein veg eller korleis kroppen ser ut.
– Ein sunn kropp er ein kropp som let deg gjere det du har lyst til i livet. Det kan vere å gå på skulen, vere saman med vener, drive med hobbyar og så vidare. Det handlar også om å ha det bra inni seg, seier Marianne Clementine Håheim. Ho jobbar i ROS som er ein organisasjon for dei som har problem når det gjeld mat, kropp, trening og sjølvkjensle.
Bra for helsa å vere glad i kroppen
Marianne fortel at det å ha gode tankar og kjensler om kroppen sin, er bra for helsa vår og gjer det lettare å ta godt vare på kroppen.
– Det å ha gode tankar og kjensler om kroppen sin, gjer det lettare å delta i aktivitet, vere sosial og ete maten ein treng for å få nok energi.
Dersom ein har mange negative tankar og kjensler om kroppen, kan det begynne å ta så stor plass at ein ikkje får gjort dei tinga ein eigentleg vil og treng, noko som kan gå utover helsa.
– Snakk om det
– Det er heilt normalt å ha spørsmål og bekymringar om kroppen sin, seier Marianne.
Samstundes kan nokre få så mange vonde tankar og kjensler om kroppen sin, at ein får det vanskeleg i kvardagen. Då er det viktig å snakke med ein vaksen du er trygg på, for å få hjelp så du kan få det betre.
Tankar og bekymringar om kroppen kan nokre gonger kjennast flaue.
– Om du synest det er vanskeleg å snakke med foreldre, kan du snakke med ein annan trygg vaksen som til dømes ein lærar eller ta kontakt med ROS, informerer Marianne.
Kjelde: Marianne Clementine Håheim frå ROS, tryggikroppen.no




















