Ungdomsskuleelevar om Pisa-undersøkinga: – Mobilen øydelegg hjernane våre

Ein tredjedel av norske elevar les så dårleg at dei vil slite i vidare utdanning og arbeidsliv, ifølgje Pisa 2025. Norske ungdomsskuleelevar meiner at ein ikkje er dum berre fordi ein les dårleg.

Kva er Pisa?
  • Pisa (Programme for International Student Assessment) er ei internasjonal undersøking av kunnskapen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag.
  • Undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år. I 2025 vart ho gjennomført for niande gong, og elevar i 91 land deltok.
  • Undersøkinga blir gjort av OECD (Organisation for Economic Co-operation and Developement).
  • Målet med Pisa er å vurdere kor godt elevane kan bruke kunnskapar og ferdigheiter som dei har lært i grunnskulen.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ein versjon av denne saka var først publisert av søsteravisa vår, Framtida.no. 

– Eg synest lesing er heilt sånn, OK. Det er ikkje det beste i verda, men det er greitt liksom, seier Sofia Ofulue.

Framtida.no møter niandeklassingen på Ellingsrud ungdomsskule for å snakke om lesing og Pisa-undersøkinga.

Tidlegare i haust kom resultata av Pisa-undersøkinga 2025. Der kjem det fram at gjennomsnittsresultata til norske elevar i Pisa 2025 er betydeleg dårlegare enn i Pisa 2022, ifølgje Utdanningsdirektoratets Pisa-rapport.

Det vil seie at norske elevar har blitt dårlegare i matematikk, naturfag og lesing. Undersøkinga viser også at norske elevar gjer det dårlegare enn elevar i andre land vi gjerne vil samanlikne oss med.

Mohammad Adam Pervez Raja (f.v.), Miran Ali Bakir, Ingrid Kippe Fredriksen, Gunnhild Haga Lauten, Frøydis Müth Myrvoll og Said-Ahmad Khachuroev har mange tankar om kvifor unge les lite. Foto: Mia Huse

Lesing på skulen

– Eg føler eg har betre ting å gjere, seier Said-Ahmad Khachuroev frå Ellingsrud ungdomsskule.

Mehdi Mohasili og Gunnhild Haga Lauten synest det er gøy å lese.

– Men det kjem veldig an på boka. Nokre bøker er veldig kjedelege, og nokre er veldig morosame, seier Gunnhild.

Elevane les på skulen og har i heimelekse å lese, så dei fleste les kvar dag.

Ingrid Kippe Fredriksen (f.v.), Gunnhild Haga Lauten og Frøydis Müth Myrvoll synest det er fint å lese nokre gongar og les helst på norsk. Foto: Mia Huse

Mobiltelefonen

Elevane har ei rekke teoriar om kvifor unge synest lesing er kjedeleg.

– Eg trur dei fleste synest lesing er kjedeleg fordi det er mange andre, morosame ting ein kan gjere, som telefon, pc, sport og aktivitetar, seier Mehdi.

– Det er på grunn av mobilen, han øydelegg hjernane våre, seier Miran.

– Eg trur me får verre konsentrasjonsevne av telefonane våre, til dømes når me ser på TikTok. Me er vane med å sjå på korte, underhaldande videoar, og då likar me ikkje å lese ei bok i lang tid, seier Ahmad.

Mehdi Mohasili (f.v.), Said-Ahmad Khachuroev, Yusuf Tulum, Mohammad Adam Pervez Raja, Miran Ali Bakir og Ingrid Kippe Fredriksen diskuterer om dei ikkje berre skal slutte på skulen fordi dei har Chat GPT. Foto: Mia Huse

– Synest de det er dumt at unge ikkje les så mykje?

– Ja, me er einige med dei vaksne, seier Mehdi.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har sagt til NRK at ho synest Pisa-resultata er svært alvorlege.

Ho meiner at det er alarmerande at 41 prosent av norske gutar les så dårleg at dei vil ha problem med å klare seg i vidare utdanning.

Ikkje dumme

Elevane ved Ellingsrud ungdomsskule kjenner seg ikkje særleg påverka av det fleire medium omtalar som Pisa-sjokket. Dei er heller ikkje så bekymra for resultata.

Sofia Ofulue synest det er dumt at dei vaksne snakkar så mykje om ei lesekrise.

Ho synest ikkje at elevane er dumme berre fordi dei gjer det dårleg i lesing i Pisa-testane.

Sofia Ofulue (f.v.), Sofia Hjortland Folkesson og Mehdi Mohasili synest ikkje ein er dum berre fordi ein er dårleg til å lese. Foto: Mia Huse

Elevane trur det handlar om at deira generasjon har tilgang på teknologi som gjer lesing vanskelegare, som KI, smarttelefonar og sosiale medium, heller enn at dei er dummare enn tidlegare generasjonar.

– Me har masse moderne teknologi, så dei vaksne bør utvikle måten dei lærer barna sine på. Den gammaldagse metoden deira funkar ikkje lenger, seier Ahmad.

Tiltak

Elevane har ei rekke forslag til korleis dei kunne blitt betre til og meir glad i å lese.

– Kanskje foreldre kunne sete med ungane sine og lese saman, seier Mohammad Adam Pervez Rajav.

Elevane på Ellingsrud ungdomsskule synest det er litt vanskeleg å konsentrere seg om lesing når det er så mykje anna gøy ein kan finne på. Foto: Mia Huse

Miran foreslår skjermtid på mobil.

– Dersom ein berre har to timar skjermtid om dagen, kan ein finne på andre ting, som å lese bok, seier han.

Dei andre nikkar.

– Viss det hadde vore litt fleire spennande bøker som folk var interesserte i, så hadde jo folk fått meir lyst til å lese, seier Gunnhild.