Kvifor går me på skulen?

Det er ikkje så lenge sidan dei fleste barn ikkje gjekk på skulen. Dei lærte det dei trong heime eller gjennom arbeid. Så kvifor er skulen blitt ein så viktig del av livet til barn over nesten heile verda?

For over 300 år sidan var det få barn i Noreg som gjekk på skulen. I staden lærte dei av foreldra eller andre vaksne. Dei lærte å dyrka jorda, fiska, passa dyr, laga klede eller gjera anna arbeid som familien levde av.

Berre nokre få barn fekk læra å lesa, skriva og rekna.

Korleis fekk fleire barn gå på skulen?

I Noreg kom det i 1739 ei lov om at alle barn på landet skulle få undervisning. Dei skulle først og fremst læra å lesa og læra om kristendommen.

Men skulen såg annleis ut enn i dag. Mange stader reiste læraren mellom gardane og underviste barna der.

I 1889 kom nye lover om det som blei kalla folkeskulen. Han skulle vera ein felles skule for barn frå både fattige og rike familiar.

Skulen handlar om meir enn fag

På skulen lærer me å lesa, skriva og rekna. Men me lærer òg mykje anna.

Me øver på å samarbeida, lytta til andre, stilla spørsmål og løysa problem. Me møter menneske som tenkjer annleis enn oss, og lærer korleis me kan vera saman.

Kvifor treng me lærarar?

I dag kan me finna mykje kunnskap i bøker og på internett.

Likevel kan ikkje ei nettside sjå om du treng meir hjelp, forklara på ein annan måte eller leggja merke til at du plutseleg har forstått noko du har streva med lenge.

Lærarar gjer meir enn å undervisa. Dei hjelper barn med å utvikla seg, oppmuntrar dei til å vera nysgjerrige og viser at det finst mange måtar å læra på.

Skulen handlar derfor ikkje berre om å få riktige svar. Han handlar òg om å læra å tenkja, utforska og forstå verda rundt oss.

5. oktober er Verdas lærardag. Då feirar me lærarane og den viktige jobben dei gjer: å hjelpa barn med å læra nye ting.

Kjelder: Utdanningsdirektoratet, Store norske leksikon, UNESCO

Kva likar du best ved skulen?

Kva likar du best ved skulen?

Å læra noko nytt0
Å vera med venner0
Praktiske fag0
Friminutta0
Samarbeid med andre0
Eg likar ikkje skulen0
Svar totalt: 0