– Det morosamaste med å ha skulehage er at vi kan dra hit og hauste mat som er veldig god. Betre enn det ein kjøper på butikken, seier Alfred.
I over 100 år har Høybråten skole i Oslo hatt skulehage. Ein skulehage er ein hage laga for at elevar skal dyrke og hauste grønsaker, frukt og andre plantar.
Alfred, Milo og Tobias er 11 år og går i sjetteklasse på Høybråten skole. Dei bruker ofte skulehagen, spesielt når dei har mat og helse.

Vår og såing
Aktivitetane i skulehagen startar lenge før elevane kan plukke hausteklare grønsaker. Om våren har elevane ved skulen i oppgåve å så frø og plante.
Alfred, Milo og Tobias er blant elevane som har vore med på å sette poteter. Då laga dei renner i jorda og sette settepoteter i rennene, før dei dekte til med jord igjen. Deretter har det blitt vatna og luka for ugras, så potetene fekk vekse best mogleg.

– Vi lærer masse om korleis vi kan plante og hauste mange ulike grønsaker, seier Tobias.
Alfred fortel at dei lærer kva plantene treng for å vekse og korleis dei kan dyrke mat på ein smart måte.
– Vi har for eksempel lært at det er lurt å plante gulrøter i nærleiken av lauk.
Dette er fordi den sterke lukta frå lauken gjer at enkelte insekt som er glade i gulrot, held seg unna.

Poteter, gulrøter og sukkererter
Elevane lærer dessutan om kva næringsstoff som er i dei ulike grønsakene og frukta dei dyrkar – og kvifor kroppen treng dei.
I skulehagen blir det dyrka mykje forskjellig. Dei har mellom anna poteter, gulrøter, sukkererter, squash, tomatar, stangselleri, eple, rabarbra, urter, kålrot, raudlauk, gul lauk og kvitlauk.

Tobias har to klare favorittar.
– Det beste vi dyrkar, er potet og gulrot.
Alfred likar også poteter og gulrøter, men har ein annan favoritt i tillegg.
– Sukkererter er veldig godt.
For Milo er det sukkererter og squash som toppar lista.

Haust og hausting
Når hausten kjem og vekstane i skulehagen har vakse seg store og modne, er tida komen for at elevane kan slå seg laus på skulekjøkenet.
– Når vi skal kokke i mat og helse, tek vi berre med oss bereposar eller kassar og hentar dei vekstane vi treng til matlaginga, seier Milo.

Elevane lærer også om korleis dei kan ta vare på og lagre maten dei dyrkar. Til dømes har dei pressa epla til eplejuice og dei skal lære å lage eplesyltetøy.
– Vi har også laga hermetiserte pærer, fortel Milo.
Å hermetisere pærer vil seie å koke dei opp i sukkerlake (vatn med sukker), og ha pærene og sukkerlaken over på eit heilt tett og reint glas. Slik kan dei stå seg i fleire år.

Meistring i kortreist mat
– Det har overraska meg skikkeleg kor god mat ein kan lage heilt sjølv, heilt frå botnen av, seier Milo og held fram:
– Eg får liksom ei meistringskjensle av å ete maten vi har dyrka sjølv.
Alfred meiner også at maten frå skulehagen smakar ekstra godt.
– Han er mykje ferskare og økologisk.
At mat er økologisk, vil seie at han er dyrka utan å bruke kunstgjødsel eller sprøytemiddel.
Tobias meiner i tillegg at det er fint at maten ikkje blir frakta så langt, fordi det er meir klimavennleg.
– Fordi vi har skulehage, får vi mat som er kortreist. Vi treng liksom ikkje å få frakta han med lastebil eller fly.

Nokre utfordringar
Det er rett nok ikkje berre enkelt å drive skulehage. Nokre oppgåver krev krefter.
– Når vi haustar poteter og skal dra opp potetgraset, hender det at røtene sit veldig godt fast i jorda. Då kan ein måtte ta skikkeleg i, fortel Tobias.

Også dyr og insekt kan skape utfordringar.
Fluger, sniglar og fuglar kan ete plantene. Fuglane kan til og med finne på å ete frøa rett etter at dei er sådde, fortel sjetteklassingane.
Men det er faktisk ikkje alle småkryp som er uønskte.
– Mark vil vi faktisk ha, fordi han gjer at jorda blir sunn og næringsrik, fortel Alfred.

Samarbeid
Sjølv om elevane gjer mykje av arbeidet i skulehagen, er det også andre som hjelper til så hagen blir halden ved like og drive på ein skikkeleg måte.
Kenneth og Robert er tilsette på Høybråten skole, og er dei som har ansvaret for skulehagen. Dei planlegg mellom anna kva oppgåver dei ulike klassane skal ha i hagen og kjøper inn frø og anna utstyr som trengst.

Skulen får også hjelp av den frivillige organisasjonen Lions. Dei hjelper mellom anna til med å klippe gras og gir økonomisk støtte.






















