Ville sjiraffar søv ofte berre mellom ein halvtime og to timar i døgnet

Tenk om du berre sov ein liten del av natta. Dei fleste av oss hadde vore heilt utslitne. Men for sjiraffen er det heilt normalt.

Har du prøvd å halda deg vaken altfor lenge? Då veit du kor trøytt du blir. Sjiraffen ser ikkje ut til å bry seg så mykje om det. Han er eitt av pattedyra som søv minst.

Mange dyr søv éin lang lur. Sjiraffen tek heller mange små blundar gjennom døgnet. Nokre varer berre i fem eller ti minutt. Til saman søv ville sjiraffar ofte berre mellom ein halvtime og to timar i døgnet!

Kvifor søv han ikkje meir?

Tenk deg at du er over fem meter høg og står midt ute på savannen. Der finst det løver, hyenar og andre rovdyr.

Når sjiraffen søv, har han vanskelegare for å oppdaga fare. Forskarane trur derfor at det kan vera ein fordel å sova lite om gongen og heller ta mange korte blundar.

Han søv ofte ståande

Når sjiraffen berre skal kvila litt, står han gjerne oppreist med hovudet hengande.

Skal han sova litt djupare, legg han seg ned og bøyer den lange halsen bakover slik at hovudet kviler på kroppen. Det er då han er mest sårbar for rovdyr.

Kjelder: Store norske leksikon, Discover Wildlife, BBC Earth