Køyrde i fem timar for å ta del i kong Harald si gravferd

Tusenvis av menneske har samla seg i Oslo for å ta del i kong Harald si gravferd onsdag 9. september. Fleire av dei er barn som har teke seg fri frå skulen og reist langt.

Saman med mamma og bestemor har Trym (13) og Tord Tufte Tyssen (10) køyrt over fem timar i bil for å ta del i kong Harald si gravferd. Dei kjem nemleg frå Hafslo på Vestlandet.

Medan dei andre i klassane til dei to brørne har vanleg skuledag, har Trym og Tord teke seg fri. No står dei i Karl Johans gate saman med tusenvis av andre menneske og ventar på at kong Harald si båre skal bli frakta forbi. Sjølv om gata er full av tilskodarar, er det ganske stille. Nesten alle som snakkar kviskrar eller pratar roleg.

Gutane frå Hafslo synest det er fint å vere i Oslo på denne dagen saman med så mange andre menneske.

– Det er kjekt å vere ein del av fellesskapet, seier Trym.

Karl Johans-gate var fylt av folk onsdag føremiddag før kongen si båre skulle fraktast frå slottet til Oslo domkyrkje. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Dei to brørne er aller mest spente på å sjå kong Harald si båre og Noregs nye konge.

– Kong Haakon skal jo gå bak båra til kong Harald, seier Trym.

– Det er fint å vere her på ein slik dag som vi aldri får oppleve igjen. Det blir spesielt å sjå at kongen blir frakta til domkyrkja, seier Tord.

Fyrste gravferd

Litt lenger nede i Karl Johans-gate står tvillingsøstrene Sofie (11) og Emilie Einum (11). Saman med faren sin har dei fått plassar heilt ved gjerdet, så dei skal sjå godt når kongen si båre blir frakta forbi.

– Vi kjem frå Melhus og har teke fly for å vere her i dag, fortel tvillingane.

Kong Harald si gravferd er den aller første gravferda dei to jentene tek del i.

Sofie (11) og Emilie Einum (11) kjem frå Melhus i Trøndelag og har teke fly for å vere i Oslo denne historiske dagen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Det er litt trist å vere her i dag, seier Emilie.

– Og kult, legg Sofie til.

Dei to synest det har vore spennande å sjå alle soldatane som har på seg ulike uniformer og marsjerer i gatene.

Sjølv om dei er veldig spente på å sjå båra til kongen, synest dei at det er litt lenge å vente.

– Vi har stått og venta i ein time og må vente iallfall ein time til, fortel Sofie.

Soldatar marsjerte på Karl Johan før gravferda til kong Harald. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Blei overraska

Ved Oslo domkyrkje sit brørne Håvard (6) og Olav Haukvik-Bringedal (9). Det er til denne kyrkja båra til kong Harald skal fraktast for at det skal vere ei minnegudsteneste.

Dei to gutane frå Oslo er på plass for å ta del i gravferda, fordi dei blei overraska av foreldra sine i går kveld.

– Dei sa at «i morgon skal de ikkje på skulen, men de skal vere med i gravferda til kongen», fortel Olav.

– Det er fint å vere her, for det skjer jo berre ein gong, men det er litt mykje folk, seier Håvard.

Håvard (6) og Olav Haukvik-Bringedal (9). Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Dei to brørne kjenner seg litt triste over at kongen er død.

– Han var ein veldig snill konge og fekk alle til å le. Men det er fint å få ein ny konge også, seier Olav.

Håvard og Olav er veldig spente på å sjå kong Haakon og båra til kong Harald frå plassane dei har funne seg. Ved å sitje under ein tribune som er sett opp for fotografar, har dei god utsikt mot inngangen til Oslo domkyrkje.

Dermed vil dei to brørne få sjå at båra blir boren inn, og at gjestane kjem til kyrkja.

Håvard og Olav har funne sitteplassar under kong Harald si gravferd. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken