Max (12) er verdas yngste mannlege dataspelutviklar

Då Max Baker var 10 år laga han sitt eige dataspel og tok med det ein Guinness verdsrekord.

Max kjem frå Wales i Storbritannia. Allereie som sjuåring starta han å interessere seg for koding.

Koding er å fortelje datamaskiner korleis dei skal løyse oppgåver. Når ein snakkar med datamaskiner på denne måten, bruker ein programmeringsspråk, som gjerne består av teikn, tal og bokstavar. Ved hjelp av koding kan ein lage mellom anna nettsider, appar og dataspel.

Gjennom koding utvikla Max spelet Gravity Parkour 2.0, som går ut på å kome seg forbi hinder og plattformer som beveger seg.

Det tok Max fire timar å lage spelet. Samstundes som han laga det, såg representantar frå Guinness World Records på for å forsikre seg om at han ikkje fekk hjelp, står det i den nyaste gamingutgåva av Guinness World Records.

Med det blei Max verdas yngste mannlege dataspelutviklar.

Verdas yngste kvinnelege dataspelutviklar

– Eg vart inspirert til å søke om rekorden min etter å ha lese om Simar Khurana, seier Max Baker i Guinness World Records Gamingutgaven.

Canadiske Simar Khurana (10) er verdas yngste kvinnelege dataspelutviklar. Ho tok denne verdsrekorden i 2023 då ho var seks år, dagen før ho fylte sju. 

Simar starta med koding berre nokre månader før ho tok rekorden. Ho utvikla spelet Healthy Food Challenge som går ut på å lære barn om kva som er sunn og usunn mat.

Simar Khurana, verdas yngste kvinnelege dataspelutviklar. Foto: Guinness World Records