Forbyr KI for skulebarn i New York

New York City forbyr bruk av kunstig intelligens i offentlege skular ut 8. trinn. Dette skjer grunna frykt for at KI skal påverke barn si utvikling og mentale helse negativt.

Elevar i byen New York i USA vil ikkje kunne bruke kunstig intelligens på skulen fram til dei er 13–14 år gamle. Dette forbodet vil gjelde frå 7. september, skriv The Guardian.

Forbodet kjem som følgje av at lærarar og foreldre har vore bekymra for at KI-bruk kan føre til at barn og unge ikkje lærer og utviklar seg slik dei skal. Dei fryktar at mykje KI-bruk kan føre til «kognitiv overgiving» – at elevane overlèt tenking og refleksjon til KI-robotar.

Saman med KI-forbodet blir det innført ei rekkje andre reglar i skulane i New York:

  • Ingen bruk av berbare datamaskiner og nettbrett på skulen ut 2. trinn.
  • KI blir tillate for dei på 9. trinn og opp, men først og fremst til bruk under opplæring om teknologien.
  • KI-robotar som tilbyr psykisk støtte, blir forbode for alle.
  • Lærarar kan bruke KI til å førebu seg til timar og skrive meldingar, men har ikkje lov til å la KI rette eller setje karakter på skulearbeid.

Dei nye reglane vil påverke om lag 600 000 elevar og i første omgang gjelde for skuleåret 2026/2027.