Framtida Junior har spurt Marie Alming, bibliotekar ved Deichman i Oslo, om tips til artige bøker for barn og unge:
Kåre og Marimba av Markus Lantto og Camilla Kuhn
Kåre og Marimba er ein serie med to bøker som sprelsk og morosamt viser fram kva vennane Kåre og Marimba held på med. Bøkene er anbefalte for barn mellom 6 og 9 år, men kan også vere artige for vaksne, ifølgje bibliotekar Marie.

Ei kjedeleg bok av Vegard Markhus
Hovudpersonen i denne boka kjedar seg så mykje at han ønskjer at lesarane skal hjelpe han å flykte. Boka passar godt for dei yngste på barneskulen.

Det runde problemet av Vegard Markhus
Marie fortel at dette er ei bildebok der deilige, ekle illustrasjonar med snørr og tiss kan vekke glede og begeistring. Boka passar for barn mellom 7 og 9 år.

Alien i klassen av Vegard Markhus
Dette er første bok i ein humoristisk og lettlesen bokserie om å føle seg litt annleis. Bøkene passar for dei mellom 9 og 12 år.

Alle saman tel av Kristin Roskifte
Marie fortel at dette er ei myldrebok med litt tekst. Ho er full av bilde av menneske i alle fargar og fasongar, som skal teljast.

Full bajas av Ingunn Thon
Denne boka handlar om Orion som vaknar ein dag og plutseleg har blitt det motsette av den feilfrie og ordentlege guten han alltid har vore. No er han rampete og han skjønar ikkje kvifor. Marie fortel at dette er ei forteljing full av humor, sprø innfall og overraskande vendingar. Boka passar for dei mellom 9 og 12 år.

Ollis av Ingunn Thon
Marie fortel at dette er den festlege og ømme forteljinga om Ollis. Boka handlar om alt frå familie til eit mystisk postkort. Vennskap og barndom er også viktige tema, og det er lett å bli glad i menneska boka handlar om, ifølgje Marie. Også denne boka passar for dei mellom 9 og 12 år.

Vemmelege vers av Roald Dahl
Dette er ei bok med Roald Dahl sine fantasifulle versjonar av kjende eventyr. Tempoet er høgt, og alt på rim. Det er få av eventyrkarakterane som oppfører seg slik vi er vande med. Denne passar for alle aldrar, ifølgje bibliotekar Marie.























