Kongefamilien samla på sjukehuset: Kongen er alvorleg sjuk

Kong Harald har blitt sjukare og helsetilstanden er alvorleg. Torsdag har store delar av familien til kongen samla seg på sjukehuset saman med han.

Det skriv Framtida. 

– Kongen si helse er forverra. Helsetilstanden er svært alvorleg, skriv kongehuset på nettsidene sine torsdag morgon.

Som kongelege har kronprins Håkon og dronning Sonja eit program med besøk og oppgåver dei skal gjennomføre som ein del av jobben sin. Både kronprinsen og dronninga har no avlyst programmet sitt for den kommande tida.

Torsdag ettermiddag er dronning Sonja, kronprinsparet, prins Sverre Magnus, prinsesse Ingrid Alexandra, prinsesse Astrid (søstera til kongen) og Marius Borg Høiby samla på Rikshospitalet der kongen er innlagt.

Kongehusekspertar meiner at pressemeldinga frå kongehuset og det at familien har samla seg på sjukehuset, gjer at det er stor grunn til bekymring for kongen sin helse.