Gepard
- Lever vilt sør i Afrika og Iran i busklandskap, halvørken og savannar.
- Vekt: 21-72 kilo.
- Levealder: 6-12 år.
- Antal ungar per kull: 2-6
- Geparden er eitt av dei raskaste kattedyra i verda.
Kjelde: Kristiansand Dyrepark og Vesle norske leksikon
– Ungane veks godt og er sunne og friske. Det er alltid spennande med den første helsesjekken, og det er tryggande å sjå at alt står bra til, seier dyrepassar Olav Åsland.
Under helsesjekken fann dei ut kva kjønn gepardungane har: det viste seg å vere ei jente og tre gutar.

– Sidan gepardar er ein truga art, og det blir fødd få ungar i dyreparkar, er desse ungane veldig viktige for bevaringsprogrammet, seier biolog Helene Axelsen.
Gepardane i dyreparken er ein del av eit bevaringsprogram. Det vil seie at dyreparken samarbeider med andre dyreparkar i Europa for å passa på at det alltid finst nok gepardar, i tilfelle dei ville gepardane blir heilt borte.






















