Tobias Sten: – Å bruka nynorsk i musikken min synest eg er ganske stilig

Då Tobias var 10–11 år, visste han kva han ville bli. No håpar artisten at musikken hans kan få folk til å kjenna seg både sette og mindre åleine.

Tobias Sten frå Stord var Noregs mest spelte artist på Spotify i fjor, og har vore ein av dei mest populære på norske festivalar i sommar. Tobias er mest kjend for låtar som «Fy faen du e deili», «Eli», «Ka visste eg» og «Ingen her e deg».

Tobias hugsar godt då han skjønte at han ville bli artist.

– Då var eg nok kanskje 10–11 år. Det var cirka på same tid som då eg fekk min eigen Spotify.

Den største draumen hans som barn var klar.

– Min største draum då var nok å bli stor countryartist. Reisa rundt og spela konsertar for mange menneske. Og bli eit godt førebilete for fleire, fortel han.

I dag håpar han musikken betyr noko for dei som lyttar.

– Eg håpar folk skal kjenna på ein tilhøyrsle når dei høyrer på musikken min. Ein form for å bli sett og ikkje føla seg einsam.

Foto: Marius Sørgjerd

Stolt av nynorsken

Tobian Sten syng på storddialekt og har fått mykje ros for det. Det mykje for han å kunna syngja på dialekt.

– Å bruka nynorsk i musikken min synest eg er ganske stilig at eg får til.

– Eg synest også at det er kult at folk frå Austlandet no syng songar på storddialekt. Eg diggar det.

Han fortel at mange har lagt merke til språkvalet.

– Absolutt. Mange har gitt det stor merksemd og sagt at det er ein styrke. Eg fekk til og med utdelt Dialektprisen for bruk av dialekt, som er veldig stas.

Tobias Sten heime på Stord. Foto: Marius Sørgjerd

Får plutseleg ein ny idé

Ideane til songane kjem ofte når han minst ventar det.

– Dei fleste ideane kjem som regel til meg heilt plutseleg, ofte utan at eg er klar. Setningar eller melodiar som berre dukkar opp, så tek eg dei i bruk og utviklar dei.

Til barn som drøymer om å bli artist eller stå på ei scene, har Tobias eit tydeleg råd.

– Aldri gi opp. Stå på ditt og ha tru på at du veit best. Du må ha ein viss del sjølvsikkerheit – og INGEN PLAN B.