Skal du køyra båt i sommar?

Sommaren betyr bading, fisketurar og båtliv på sjøen. Men visste du at det finst reglar for kven som kan køyra båt?

Kanskje har du fått prøva å styra båten på ein fin sommardag? Då er det greitt å vita kva reglar som gjeld.

Ifølgje Ung.no er det ingen aldersgrense for å køyra båt. Men det er grenser for kor stor båt og kor kraftig motor du kan ha.

Dersom du er under 16 år, kan du køyra båt som er kortare enn åtte meter og har motor på maks 10 hestekrefter.

Større båtar

Når du fyller 16 år, kan du køyra større båtar. Utan båtførarbevis kan du køyra båt som er opptil åtte meter lang og har motor på maks 25 hestekrefter.

Du kan ta båtførarprøven frå du er 14 år. Men du får ikkje båtførarbeviset før du har fylt 16 år.

Ung.no minner om at sjøen kan vera meir krevjande enn mange trur. Vêr, vind og annan trafikk kan gjera båtkøyring utfordrande. Derfor er det viktig å læra seg reglane og ferdast trygt på sjøen.