Rekordmange tek båtførarprøven

Draumen om større båt og høgare fart har gjort at over 40 prosent fleire har tatt båtførarprøven hittil i år.

4443 personar har tatt båtførarprøven i løpet av årets fem først månader.

– Dette kan bli eit rekordår for prøven. Dei tre siste åra har det vore jamt stor pågang. Sjølv koronaåret i fjor vart overraskande bra, seier Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NRK.

Det er inga aldersgrense for å gjennomføra båtførerprøven nettkurs, men for å ta eksamen må du vera fylt 14 år. Bestått båtførarprøven eksamen gir det som formelt heiter båtførarbeviset.

EKSAMEN: Gutane tek båtførerprøven den dagen Framtida Junior møter dei i Skånevik. Foto: Janne Nerheim