Den heimelaga båten brukte 462 dagar frå USA til Noreg

Ein gong i oktober 2020, vart ein liten heimelaga båt sjøsett i USA. Eitt og eit halvt år seinare, dukka båten opp på ein uventa plass.

Miniatyrbåten som vart laga av ungdomsskuleelevar i New Hampshire. Han vart sjøsett i Atlanterhavet i oktober 2020 og vart til slutt funnen av ein norsk skuleelev etter at han gjekk på land i Noreg 1. februar 2022. Foto: Sheila Adams via AP

Bak sjøsetjinga stod ein gjeng ungdomsskuleelevar i New Hampshire, ein stat som ligg på austkysten av USA.

Båten deira hadde dei flittig ordna til med fleire bilder, haustløv, eikenøtter og pengar med motivet av delstaten deira.

Men den hadde også ein gps, slik at elevane hadde moglegheit til å følgja båten langs bøljan blå.

Det skriv nyhendebyrået AP.

462 dagar på bøljan blå

Etter at dei amerikanske elevane sjøsatte båten i Atlanterhavet i 2020, kunne dei lenge følgja den ved hjelp av gps-en han var utført med.

Etter ei stund var båten derimot vekke frå kartet, og det var ikkje før på hausten i fjor at den dukka opp att. Då kunne elevane sjå at den var på breiddegrad med Irland. Etter det vesle håpet om at båten framleis var heil, forsvann signalet att.

Elevane fekk seg slik sett ei overrasking då gps-signala viste at båten hadde treft land, 30. januar i år. Då hadde det gått totalt 462 dagar sidan dei gjorde båten klar for tidenes reis, på den andre sidan av Atlanterhavet.

Les også: 11-åringane bidreg til viktig klimaforsking: – Ikkje ei moglegheit du får kvar dag

Frå New Hampshire til Smøla

GIF: https://giphy.com/

Og stoppestaden var ikkje kvar som helst, for båten enda nemleg opp i Noreg, og nærare bestemt på øya Smøla. Plasseringsmessig ligger den litt nord for Kristiansund i Møre og Romsdal Fylke.

Den totalt 8300 mil lange ferda på havet, hadde vore hard for den vesle båten. Han hadde nemleg mista både skroget og kjølen, men dekket og lasterommet hans var framleis intakt, då den var funnen av ein norsk sjetteklassing som heiter Karel Nuncic.

Karel tok båten med til klassen sin, der dei entusiastisk hjelpte han med å finna ut kor båten kom frå.

– Veldig kult og overraskande

– Eg vart overraska over at båten faktisk kom fram ein stad, då eg trudde han kom til å setja seg fast ein plass. Men han greidde det faktisk, og det er veldig, veldig kult og overraskande, sa sjuandeklassingen Molly Flynn, då dei hadde fått beskjed om at båten var kommen til Noreg.

No er planen til dei to klassane å få til ein samtale i løpet av kort tid.

Les også: Forskar: – Båtane er på veg til Arktis