Om sommaren likar eg best å spele volleyball med vener og familie

MEINING: Sommaraktivitetar er noko eg trur alle likar.

Ein kan spele volleyball, fotball, bade og mykje anna. Eg likar best å spele volleyball med vener og familie.

Eg pleier å dra til dyreparken for å ta tømmerrenna og finne masse kule dyr, og til Hunderfossen på grunn av berg-og-dal-banen med Reodor Felgen-tema. Eit tips er å ikkje ta berg-og-dal banen for mange gonger. Då kan du bli kvalm.

Det er også gøy å vere heime dersom det er varmt og du har vener eller familie som er der. Hugs å kjøpe is.