Kråker kan vera like smarte som små barn

Dei kjenner igjen menneske, varslar kvarandre om fiendar og leikar seg i vinden. Hanna Bjørgaas meiner kråkene er blant dei smartaste fuglane i verda.

I boka Fuglenes hemmeligheter skriv biolog og forfattar Hanna Bjørgaas om rare, morosame og overraskande ting fuglar gjer.

Bokomslag: Kagge

Og éin fugl skil seg ekstra ut.

– Eg ville snakka med kråkene. Dei er så smarte. Til dømes kjenner dei igjen ansikta til oss menneske. Om du har ei kråke i hagen din, veit ho nok meir om deg enn du gjer om henne!

Ho fortel at ho lenge har vore fascinert av korleis kråkene oppfører seg.

– Eg ville spurt dei om kvifor dei alltid samlar seg i eit stort tre om kvelden, og flyg rundt i ein stor flokk før dei skal sova.

Kråkene kjenner ho

Bjørgaas har også opplevd fleire spesielle ting med kråker.

– Eg pleier å mata endene og kråkene, og då har eg alltid på meg ein gammal raud anorakk. Når ei kråke ser meg komma med anorakken, roper ho ut: KRAA! Då kjem det alltid mange fleire kråker som set seg rundt for å få mat. Dei kjenner meg igjen og roper på kvarandre.

Men ein gong skjedde det noko heilt anna.

– Men ein gong kom det ein hauk, som er den verste fienden til kråkene. Då laga kråkene ein heilt annan lyd, ein skarpare KRAAAAAWWW-lyd. Den fekk alle kråkene til å fly opp i eit tre, der dei sat og ropte og hylte til hauken.

Illustrasjon: Nina Marie Andersen

Smarte fuglar

Ho meiner kråkene nesten har eigne ord.

– Så eg opplever stadig at kråkene har «ord» som dei bruker til å snakka saman om viktige ting, som mat eller fiendar.

Den smartaste fuglen ho veit om, er også ein kråkefugl.

Forfattar Hanna Bjørgaas. Foto: Audun Selnes

– Dei smartaste fuglane eg veit om, er ein kråkefuglart. Den bur på ei øy i Stillehavet som heiter Ny-Caledonia, og heiter derfor ny-caledonia-kråke. Nokre forskarar meiner at denne kråka på nokre måtar er like smart som eit barn på fem–seks år!

Fuglen kan til og med laga eigne verktøy.

– Dei kan mellom anna laga sine eigne verktøy for å fiska larvar ut av trestammar.

Og om Bjørgaas sjølv måtte velja ein fugl å vera?

– Godt spørsmål! Eg ville heilt klart vore ei kråke. Ho er smart, ho har mange kråkevenner, og ho leikar! Kråkene utanfor huset mitt elskar å kasta seg ut i vinden og la seg bera oppover, omtrent som når me er i ein berg-og-dal-bane. Eg trur dei har det ganske morosamt.