Lite søvn kan gjera ungdom meir sinte

Har du merka at du blir lettare irritert når du er trøytt?

Forskarar i Sverige og Australia har gjort eit spesielt eksperiment med ungdommar. Dei fann ut at tenåringar som allereie har lett for å bli sinte, kan bli endå meir aggressive når dei søv for lite, skriv Ung.Forskning.no.

– Det viser kor viktig søvn er for å kunna regulera kjensler, seier forskar Serena Bauducco ved Örebro universitet i Sverige til nettstaden.

Vekte med alarm og sterkt lys

I studien fekk 34 jenter mellom 16 og 18 år sova éi natt i eit søvnlaboratorium. Dei hadde på seg søvnklokker som målte søvnen deira.

Om morgonen vart dei vekte av ein plutseleg alarm og sterkt lys. Jentene vart ganske sure av opplevinga.

Etterpå fekk dei ei spesiell oppgåve. Dei skulle avgjera kor mykje peparrot ein annan person måtte eta. Peparrot er veldig sterkt og kan vera ubehageleg å eta.

Personen som skulle eta peparrota, fanst eigentleg ikkje.

– Men det var viktig at deltakarane trudde at hen gjorde det, forklarer Bauducco.

Forskarane bruker denne typen test for å måla aggressiv åtferd. Dei meiner det kan gi meir presise svar enn å berre spørja folk kor sinte dei kjenner seg.

Søvn er viktig for hjernen

Mari Hysing er professor ved Universitetet i Bergen og forskar på søvn hos barn og unge. Ho seier at forskarar allereie veit at tenåringar er ekstra sårbare for lite søvn.

– Ja, me veit allereie dette om tenåringar. Dei er meir sårbare for lite søvn, særleg når det gjeld å regulera eigne kjensler, seier Hysing til Ung.Forskning.no.

– Ungdommar har ein hjerne i utvikling. Derfor har dei større vanskar med å regulera kjensler. Dette blir forsterka av lite søvn, seier ho.

Mange ungdommar søv for lite

Tidlegare forsking har vist at mange ungdommar i Noreg ikkje får nok søvn. Hysing foreslår at ungdom kan sjå på søvn som ei investering i eiga helse.

– Viss ungdommane klarer å prioritera søvn over andre ting, som til dømes mobil og TV, ser dei sjølv at dei kjenner seg betre, seier Hysing.